Afp-statstilskott
Alternativ behandlingsloven
Arbeidstakeroppfinnelser
Arveavgiftsloven
Auksjonsloven
Avhendingslova
Barneombudsloven
Barnetrygdloven
Bilansvarslova
Bioteknologiloven
Brukthandellova
Bustadoppføringslova
Dekningsloven
Dyrehelsepersonelloven
Dyrevernlova
E-handelsloven
Eierseksjonsloven
Eigedomsskattelova
Enhetsregisterloven
Europeiske samarb,utvalg
Fjellova
Flaggingsloven
Folkeregisterloven
Forbrukerkjøpsloven
Forsvunne personer
Friluftslivsloven
Fritids- og småbåloven
Frivillighetsregister
Gjeldsbrevlova
Gjeldsordningsloven
Godtroervervloven
Helligdagsloven
Hendelege eigedomshøve
Hevdlova
Hittegodsloven
Håndverkerloven
Innsamlingsregisterloven
Interkommunale selskaper
Kjønnslemlestelsesloven
Kjøpsloven
Kommunehelseloven
Kommuneloven
Konfliktrådsloven
Konkursloven
Kontantstøtteloven
Kosmetikklova
Kredittkjøpsloven
Kristendomsundervisning
Legemiddelloven
Ligningsloven
Likestillingsloven
Lønnsgarantiloven
Lønnsnemndloven
Lønnspliktloven
Markedsføringsloven
Matloven
Matrikkellova
Medisinsk utstyrloven
Menneskerettsloven
Merverdiavgiftsloven
Mesterbrevloven
Motorferdselloven
MVA-kompensasjon
Naturskadeloven
Naturskadeforsikringsloven
Naturvernloven
Navneloven
Notarius publicus
Obligatorisk tjenestepensjon
Offentlig anskaffelseloven
Offentlighetsloven
Opplæringslova
Oreigningslova
Pakkereiseloven
Panteloven
Partnerskaploven
Pasientrettighetsloven
Pasientskadeloven
Pensjonskasseloven
Personopplysningsloven
Plan- og bygningsloven
Politiloven
Privatskolelova
Produktansvarsloven
Produktkontrolloven
Prokuraloven
Psykisk helsevernloven
Regnskapsloven
Rettsgebyrloven
Rettshjelploven
Revisorloven
Sameigelova
Sameloven
Samordningsloven
Selskapsloven
Sikkerhetsloven
SIS-loven
Sivilforsvarsloven
Skadeserstatningsloven
Skattebetalingsloven
Skatteloven
Skifteloven
Smittevernloven
Sosialtjenesteloven
Spesialisthelsetjenestelov
Stadnamnlova
Stiftelsesloven
Straffeloven
Straffeloven 2005
Straffeprosessloven
Strafferegisterloven
Straffegjennomføringslov
Strålevernloven
Studentsamskipnadloven
Sykepleierpensjonsloven
Tannhelsetjenesteloven
Tidspartloven
Tinglysingsloven
Tjenestemannsloven
Tjenestetvistloven
Tobakksskadeloven
Tomtefestelova
Trudomssamfunnslova
Trygderettsankeloven
Tvangsfullbyrdelsesloven
Tvisteloven
Uhenta ting
Umyndiggjørelsesloven
Universitet og høgskolelov
Utdanningsstøtteloven
Utlendingsloven
Valgloven
Vegtrafikkloven
Vergemålsloven
Voksenopplæringsloven
Voldsoffererstatningsloven
Yrkesskadeforsikringslov
Yrkesskadetrygdloven
Åndsverkloven

LOV 1966-12-09 nr. 01:
Lov om hevd
(Hevdlova)

Tilføyelser | Endringer | Opphevelser

Kva lova gjeld
§ 1. 
Etter denne lova kan det vinnast hevd på eigedomsrett eller bruksrett til ting.
Med ting er meint fast eigedom, lausøyre og rettsgilde verdepapir. Med verdepapir er meint omsetningsgjeldsbrev og dermed likestilte dokument og omsetningspapir som representerer retten til ein part i eit selskap.
Likt med bruksrett er rekna handpantrett.
Det kan ikkje vinnast hevd til lausøyre som har arkeologisk, forhistorisk, historisk, litterær, kunstnarisk eller vitskapleg verde, og som er teke frå nokon
a)
ved tjuveri, brukstjuveri, ran eller anna vald eller trugsmål om vald, eller
b)
ved at lausøyret er ulovleg utgrave, eller halde attende ulovleg i samband med ei lovleg utgraving.
Det kan heller ikkje vinnast hevd til lausøyre som vert omfatta av Lov om godtroerverv av løsøre 2. juni 1978 nr. 37 § 2 nr. 2.
I avtale med framand stat kan det gjerast unntak frå føresegnene i lova her.
Eigedomshevd
§ 2. 
Den som har ein ting som sin eigen 20 år i samanheng, hevdar eigedomsrett.
For lausøyre og verdepapir er hevdstida 10 år.

§ 3. 
Har to eller fleire ein ting etter kvarandre i samanheng og overgangen mellom dei er lovleg, er hevd fullført når hevdstida etter § 2 er ute.

§ 4. 
Den som veit at han ikkje eig tingen, hevdar ikkje. Det same gjeld den som ikkje veit det avdi han ikkje har vore så aktsam som han burde etter tilhøva.
Heller ikkje kan nokon hevda når verja eller ein annan som styrer med tingen for han, har kunnskap som nemnt eller ikkje er aktsam nok.

§ 5. 
Den som har tingen til forvaring, leige, lån eller pant, kan ikkje hevda eigedomsrett. Det same gjeld den som har ein annan rett til å sitja med tingen.

§ 6. 
Hevdinga stoggar når det vert reist søksmål mot hevdaren om retten til tingen, såframt det endar med at saksøkjaren får medhald.
Det same gjeld når hevdaren misser tingen og ikkje får han att innan 2 år, eller ikkje innan same frist reiser søksmål om tingen eller krev tingen att frå den som sit med han i samsvar med lova om hittegods.
Kjem tingen til rette eigar, stoggar hevdinga i alle tilfelle.
Brukshevd
§ 7. 
Den som brukar eller har tingen som om han var bruksrettshavar, hevdar bruksrett. Dette gjeld og for særlege bruksrettar som vegrett og anna.
Føresegnene i §§ 2 - 6 gjeld tilsvarande.

§ 8. 
For rett over framand eigedom til bruk som ikkje viser seg av ei fast tilstelling, er hevdstida 50 år. Dette gjeld ikkje rett til naudsynt veg eller opplagsplass.
Likeins er hevdstida 50 år for rett til bruk for folket i ei bygd eller grend, eller i ein by eller annan vid krins.
Mothevd og frihevd
§ 9. 
I den mon tingen er bruka i strid med ein særleg rett, fell den retten bort (mothevd).
Dette gjeld og rettar som andre enn mothevdaren har heft på tingen etter at hevdinga tok til.

§ 10. 
Bruksrettar som rettshavaren let liggja unytta i full hevdstid, fell bort med eigedomshevd eller når eigaren har site med tingen i hevdstid, endå om tingen ikkje er bruka i strid med retten (frihevd). Det same gjeld rett til utreisler og andre grunntyngsler.
Retten fell ikkje bort når det er ei rettsleg hindring som er skuld i at han har vore unytta.

§ 10a. 
Utinglyst underpanterett for krav som ikkje bind hevdaren og som andre enn hevdaren har heft på tingen, fell bort med eigedomshevd, såframt retten ikkje vert tinglyst før hevdstida er ute. Tilsvarande gjeld når eigaren har site med tingen i hevdstid.
Tinglyst underpanterett for krav som ikkje bind hevdaren og som andre enn hevdaren har heft på tingen, fell bort når hevdaren har site med tingen i full hevdstid etter at panteretten vart påheft. Tilsvarande gjeld når eigaren har site med tingen i full hevdstid etter at panteretten vart påheft.
Likt med tinglysing reknast registrering i særskilt rettighetsregister for tingen.

§ 10b. 
Når eigedomsretten til eit stykke av ein fast eigedom går over til granne med hevd (grensehevd), får hevdaren stykket fritt frå tinglyst eller utinglyst underpanterett som hefter på den eigedomen det vart hevda frå.

§ 11. 
Føresegnene i §§ 2 til 6 gjeld tilsvarande ved mothevd eller frihevd etter §§ 9 til 10 b.
Ikraftsetjing
§ 12. 
Denne lova tek til å gjelda den 1. januar 1967.
Frå same tid held etternemnde føresegner opp å gjelda:
- - -
Hevd etter føresegnene i lova her er ikkje i noko tilfelle fullførd før 1. januar 1972 utan hevda hadde vore fullførd før den tid etter reglane som galdt til dess lova her tok til å gjelda.