Afp-statstilskott
Alternativ behandlingsloven
Arbeidstakeroppfinnelser
Arveavgiftsloven
Auksjonsloven
Avhendingslova
Barneombudsloven
Barnetrygdloven
Bilansvarslova
Bioteknologiloven
Brukthandellova
Bustadoppføringslova
Dekningsloven
Dyrehelsepersonelloven
Dyrevernlova
E-handelsloven
Eierseksjonsloven
Eigedomsskattelova
Enhetsregisterloven
Europeiske samarb,utvalg
Fjellova
Flaggingsloven
Folkeregisterloven
Forbrukerkjøpsloven
Forsvunne personer
Friluftslivsloven
Fritids- og småbåloven
Frivillighetsregister
Gjeldsbrevlova
Gjeldsordningsloven
Godtroervervloven
Helligdagsloven
Hendelege eigedomshøve
Hevdlova
Hittegodsloven
Håndverkerloven
Innsamlingsregisterloven
Interkommunale selskaper
Kjønnslemlestelsesloven
Kjøpsloven
Kommunehelseloven
Kommuneloven
Konfliktrådsloven
Konkursloven
Kontantstøtteloven
Kosmetikklova
Kredittkjøpsloven
Kristendomsundervisning
Legemiddelloven
Ligningsloven
Likestillingsloven
Lønnsgarantiloven
Lønnsnemndloven
Lønnspliktloven
Markedsføringsloven
Matloven
Matrikkellova
Medisinsk utstyrloven
Menneskerettsloven
Merverdiavgiftsloven
Mesterbrevloven
Motorferdselloven
MVA-kompensasjon
Naturskadeloven
Naturskadeforsikringsloven
Naturvernloven
Navneloven
Notarius publicus
Obligatorisk tjenestepensjon
Offentlig anskaffelseloven
Offentlighetsloven
Opplæringslova
Oreigningslova
Pakkereiseloven
Panteloven
Partnerskaploven
Pasientrettighetsloven
Pasientskadeloven
Pensjonskasseloven
Personopplysningsloven
Plan- og bygningsloven
Politiloven
Privatskolelova
Produktansvarsloven
Produktkontrolloven
Prokuraloven
Psykisk helsevernloven
Regnskapsloven
Rettsgebyrloven
Rettshjelploven
Revisorloven
Sameigelova
Sameloven
Samordningsloven
Selskapsloven
Sikkerhetsloven
SIS-loven
Sivilforsvarsloven
Skadeserstatningsloven
Skattebetalingsloven
Skatteloven
Skifteloven
Smittevernloven
Sosialtjenesteloven
Spesialisthelsetjenestelov
Stadnamnlova
Stiftelsesloven
Straffeloven
Straffeloven 2005
Straffeprosessloven
Strafferegisterloven
Straffegjennomføringslov
Strålevernloven
Studentsamskipnadloven
Sykepleierpensjonsloven
Tannhelsetjenesteloven
Tidspartloven
Tinglysingsloven
Tjenestemannsloven
Tjenestetvistloven
Tobakksskadeloven
Tomtefestelova
Trudomssamfunnslova
Trygderettsankeloven
Tvangsfullbyrdelsesloven
Tvisteloven
Uhenta ting
Umyndiggjørelsesloven
Universitet og høgskolelov
Utdanningsstøtteloven
Utlendingsloven
Valgloven
Vegtrafikkloven
Vergemålsloven
Voksenopplæringsloven
Voldsoffererstatningsloven
Yrkesskadeforsikringslov
Yrkesskadetrygdloven
Åndsverkloven

Opplæringslova

Kapittel 11. Organ for brukarmedverknad i skolen

§ 11-1. Samarbeidsutval ved grunnskolar
Ved kvar grunnskole skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vere rektor ved skolen. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter, blir behandla i samarbeidsutvalet.
Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolen.
Dersom samarbeidsutvalet får delegert styringsoppgåver frå kommunen, kan kommunen nemne opp fleire representantar til utvalet. Kommunen kan nemne opp samarbeidsutvalet som styre for skolen etter § 11 og § 20 nr. 4 i Kommunelova. Dersom kommunen nemner opp eit anna styre for skolen enn samarbeidsutvalet, skal minst to representantar for foreldrerådet vere med i styret. Inga av gruppene elevar, tilsette eller foreldre kan ha fleirtal i styret aleine. Rektor har rett til å møte, tale og komme med framlegg.
Kommunen kan skipe eit felles samarbeidsutval for grunnskole og kommunal barnehage. Etter avtale kan ei tilsvarande ordning etablerast mellom privat barnehage og kommunal skole. Utvalet skal ha to representantar for elevane, ein representant for undervisningspersonalet, ein representant for andre tilsette i skolen, to representantar for dei tilsette i barnehagen, to representantar for foreldrerådet i skolen og to representantar for foreldrerådet i barnehagen. I tillegg til dei representantane for kommunen som følgjer av første og tredje leddet, kan eigaren av barnehagen nemne opp inntil to medlemmer.

§ 11-1a. Skolemiljøutval ved grunnskolar
Ved kvar grunnskole skal det vere eit skolemiljøutval. I skolemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skoleleiinga og kommunen vere representerte. Skolemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal.
Samarbeidsutvalet kan sjølv vere skolemiljøutval. Når samarbeidsutvalet fungerer som skolemiljøutval, må det oppnemnast tilleggsrepresentantar for elevane og foreldra, slik at dei samla får fleirtal.
Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av lovfesta teieplikt blir behandla i skolemiljøutvalet. Når elevane ikkje er til stades, skal foreldrerepresentantane ha dobbeltstemme tilsvarande bortfallet av elevrepresentantane sine stemmer, eller talet på foreldrerepresentantar aukast tilsvarande.
Skolemiljøutvalet skal medverke til at skolen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skolemiljø. Skolemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolemiljøet, jf. kapittel 9a.

§ 11-2. Elevråd ved grunnskolar
Ved kvar grunnskole skal det for årstrinna 5-7 og for årstrinna 8-10 vere eit elevråd med representantar for elevane. Kommunen fastset talet på elevrepresentantar. Representantane skal veljast seinast tre veker etter at skolen har teke til om hausten.
Ein medlem av undervisningspersonalet på skolen skal ha som oppgåve å hjelpe elevrådet i arbeidet. Denne elevrådskontakten har møte- og talerett i elevrådet.
Leiaren for elevrådet kan kalle inn til møte i rådet i samråd med elevrådskontakten. Rådet skal i alle høve kallast inn når ein tredel av medlemmene i rådet eller rektor krev det.
Elevrådet skal fremje fellesinteressene til elevane på skolen og arbeide for å skape godt lærings- og skolemiljø. Rådet skal også kunne uttale seg i og komme med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane.

§ 11-3.  (Opphevd)

§ 11-4. Foreldreråd ved grunnskolar
På kvar grunnskole skal det vere eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skolen, er medlemmer.
Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape godt skolemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skolen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skolen og lokalsamfunnet.
Foreldrerådet vel eit arbeidsutval. Arbeidsutvalet vel to representantar med personlege vararepresentantar til samarbeidsutvalet. Leiaren for arbeidsutvalet skal vere den eine av representantane.

§ 11-5. Skoleutval ved vidaregåande skolar
Ved kvar vidaregåande skole skal det vere eit skoleutval med representantar for dei tilsette og fylkeskommunen og to representantar valde av elevrådet. Rektor ved skolen skal vere representant for fylkeskommunen.
Skoleutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolen.
Fylkeskommunen kan nemne opp skoleutvalet som styre for skolen etter § 11 og § 20 nr. 4 i Kommunelova. Dersom fylkeskommunen nemner opp eit anna styre for skolen enn skoleutvalet, skal minst to representantar for elevrådet vere med i styret. Inga av gruppene elevar eller tilsette kan ha fleirtal i styret aleine.
Rektor har rett til å møte, tale og komme med framlegg.

§ 11-5a. Skolemiljøutval ved vidaregåande skolar
Ved kvar vidaregåande skole skal det vere eit skolemiljøutval. I skolemiljøutvalet skal elevane, dei tilsette, skoleleiinga og fylkeskommunen vere representerte. Skolemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane er i fleirtal.
Skoleutvalet kan sjølv vere skolemiljøutval. Når skoleutvalet fungerer som skolemiljøutval, må det oppnemnast ein eller fleire tilleggsrepresentantar for elevane, slik at dei får fleirtal.
Skolemiljøutvalet skal medverke til at skolen, dei tilsette og elevane tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skolemiljø. Skolemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolemiljøet, jf. kapittel 9a.

§ 11-6. Elevråd og allmøte ved vidaregåande skolar
Ved kvar vidaregåande skole skal det vere eit elevråd med minst ein medlem for kvar tjuande elev. Elevrådet blir valt ved skriftleg røysting.
Elevrådet skal blant anna arbeide for læringsmiljøet, arbeidsforholda og velferdsinteressene til elevane.
Dersom elevrådet eller ein femdel av elevane ønskjer det, skal det haldast allmøte for elevane på skolen. Elevrådet er bunde av vedtak i allmøte i saker som er nemnde i innkallinga til møtet når meir enn halvparten av elevane på skolen er til stades og røystar.

§ 11-7. Fellesreglar
Råda og utvala etter reglane i §§ 11-1 til 11-6 vel sjølv leiar og nestleiar. Dei vel også sekretær.

§ 11-8. Elevrepresentantar i fylkeskommunale nemnder
Representantar for elevane i vidaregåande opplæring har møte- og talerett i fylkeskommunale nemnder etter tilsvarande reglar som gjeld tilsette, jf. § 26 i Kommunelova.

§ 11-9. Foreldreutvalet for grunnskolen
Kongen i statsråd nemner opp Foreldreutvalet for grunnskolen. Utvalet skal ha leiar, nestleiar og fem andre medlemmer. Funksjonstida er fire år. Departementet gir nærmare forskrifter om arbeidet i foreldreutvalet.

§ 11-10. Dispensasjon
Departementet kan i særlege tilfelle gjere unntak frå reglane i §§ 11-1 til 11-7.
Kapittel 1
Formål og verkeområde
Verkeområdet for lova
Formålet med opplæringa
Forskrifter
Forsøksverksemd
Kapittel 2
Grunnskolen
Rett og plikt til grunnskoleopplæring
Omfanget av grunnskoleopplæringa i tid
Innhald og vurdering i grunnskoleopplæringa
Fritak frå aktivitetar m.m. i opplæringa
Undervisninga i faget kristendoms-, religions- og livssynskunnskap. Fritak frå religiøse aktivitetar m.m.
Målformer i grunnskolen
Teiknspråkopplæring i grunnskolen
Finskopplæring for elevar med kvensk-finsk bakgrunn
Opplæring for elevar frå språklege minoritetar
Ordensreglement og liknande
Bortvising
Permisjon frå den pliktige opplæringa
Private grunnskolar
Bruk av lova for privat opplæring i heimen
Punktskriftopplæring m.m.
Rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring
Kapittel 3
Vidaregåande opplæring
Rett til vidaregåande opplæring
Omfanget av den vidaregåande opplæringa i tid
Opplæringsordninga for den vidaregåande opplæringa
Innhald og vurdering i den vidaregåande opplæringa
Fag- og sveineprøve utan læreforhold og skole
Oppfølgingstenesta
Ordensreglement og liknande
Bortvising og tap av rettar
Teiknspråkopplæring i den vidaregåande skolen
Punktskriftopplæring m.m.
Mellomstatleg avtale om privat vidaregåande skole
Kapittel 4
Vidaregåande opplæring i bedrift
Kven som er lærling og lærekandidat
Særlege rettar og plikter for lærlingen og lærekandidaten
Godkjenning av lærebedrift
Rettane og pliktene til lærebedrifta m.m.
Lærekontrakt og opplæringskontrakt
Endring og heving av lærekontrakt og opplæringskontrakt
Internkontroll i den enkelte lærebedrifta
Oppgåvene til fylkeskommunen knytte til fag- og yrkesopplæringa
Kapittel 4A
Opplæring spesielt organisert for vaksne
Rett til grunnskoleopplæring for vaksne
Rett til spesialundervisning på grunnskolens område
Rett til vidaregåande opplæring for vaksne
Kommunen og fylkeskommunen si plikt til å sørgje for grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne
Kompetansekrav for undervisningspersonell
Innhaldet i opplæringa
Skyss m.m.
Rådgiving
Bortvising
Tilsyn, kontroll og klage
Forsøk
Kapittel 5
Spesialundervisning
Rett til spesialundervisning
Sakkunnig vurdering
Nærmare om saksbehandlinga i samband med vedtak om spesialundervisning
Unntak frå reglane om innhaldet i opplæringa
Pedagogisk-psykologisk teneste
Spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder
Helsetenestetilbod
Statens plikt til å sørgje for læremiddel
Kapittel 6
Samisk opplæring
Definisjonar
Samisk opplæring i grunnskolen
Samisk vidaregåande opplæring
Innhaldet i opplæringa
Kapittel 7
Skyss og innlosjering
Skyss og innlosjering i grunnskolen
Skyss og innlosjering i den vidaregåande skolen
Skyss for funksjonshemma og mellombels skadde eller sjuke
Reisefølgje og tilsyn
Skyss for barn under opplæringspliktig alder
Kapittel 8
Organisering av undervisninga
Skolen
Organisering av elevane i grupper
Kapittel 9
Leiing, funksjonar, utstyr og læremiddel i skolen
Leiing
Rådgiving og skolebibliotek
Utstyr
Lærebøker og andre læremiddel
Skoleanlegga
Om reklame i skolen
Kapittel 9A
Elevane sitt skolemiljø
Generelle krav
Det fysiske miljøet
Det psykososiale miljøet
Systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane (internkontroll)
Elevdeltaking i skolemiljøarbeidet
Informasjonsplikt og uttalerett
Straff
Skolefritidsordninga
Forskrifter
Kapittel 10
Personalet i skolen
Kompetansekrav for undervisningspersonell
Personell ved leirskolar
Utlysing av stillingar
Val mellom fleire søkjarar
Mellombels tilsetjing
Praksisplassar i skolen
Kompetanseutvikling
Politiattest
Tariffavtalar om lønns- og arbeidsvilkår
Kapittel 11
Organ for brukarmedverknad i skolen
Samarbeidsutval ved grunnskolar
Skolemiljøutval ved grunnskolar
Elevråd ved grunnskolar
Foreldreråd ved grunnskolar
Skoleutval ved vidaregåande skolar
Skolemiljøutval ved vidaregåande skolar
Elevråd og allmøte ved vidaregåande skolar
Fellesreglar
Elevrepresentantar i fylkeskommunale nemnder
Foreldreutvalet for grunnskolen
Dispensasjon
Kapittel 12
Organ knytte til fagopplæring i bedrift
Rådet for fagopplæring i arbeidslivet
Opplæringsråd
Yrkesopplæringsnemnder og yrkesutval
Oppgåvene til yrkesopplæringsnemnda
Læreplangrupper
Klagenemnd for fag- og sveineprøver
Medlemmer av råd og nemnder
Kapittel 13
Ansvaret til kommunen, fylkeskommunen og staten
Plikt for kommunen til å sørgje for grunnskoleopplæring og spesialpedagogisk hjelp
Plikt for fylkeskommunen til å sørgje for grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring i institusjonar etter barnevernlova
Plikt for fylkeskommunen til å sørgje for vidaregåande opplæring
Plikt for fylkeskommunen til å sørgje for grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring i helseinstitusjonar
Ansvaret for skoleskyss m.m.
(Opphevd)
Musikk- og kulturskoletilbod
Skolefritidsordninga
Oslo kommune
Tilskot frå staten
Ansvarsomfang
Kapittel 14
Tilsyn og kontroll
Statleg tilsyn og kontroll
Kommunalt tilsyn med heimeopplæring
Kapittel 15
Bruk av Forvaltningslova. Opplysningsplikt
Bruk av Forvaltningslova
Særlege reglar om klageinstans
Opplysningsplikt til barneverntenesta
Opplysningsplikta til sosialtenesta
Kapittel 16
Iverksetjing og overgangsreglar. Endringar i andre lover
Iverksetjing
Overgangsreglar
Oppheving av andre lover