| |
Opplæringslova |
|
|
Kapittel 4. |
Vidaregåande
opplæring i bedrift |
| §
4-1. Kven som er lærling og lærekandidat |
| Lærling er etter denne lova den som har skrive
ein lærekontrakt med sikte på fagprøve eller
sveineprøve i fag som har læretid etter forskrifter
gitt med heimel i § 3-4. Lærekandidat
er etter denne lova den som har skrive ein opplæringskontrakt
med sikte på ei mindre omfattande prøve enn fag-
eller sveineprøve. |
| §
4-2. Særlege rettar og plikter for lærlingen og lærekandidaten |
| Lærlingen og lærekandidaten har rett
til opplæring i samsvar med lærekontrakten og opplæringskontrakten.
|
| Lærlingen og lærekandidaten er arbeidstakarar
i den bedrifta dei har teikna arbeidsavtale med og er plasserte
i, med dei rettane og pliktene som følgjer av lover og
tariffavtalar. Der lærlingar og lærekandidatar har
teikna både arbeidsavtale og lærekontrakt eller opplæringskontrakt
med same part, kan arbeidsavtalen likevel ikkje hevast utan at
lærekontrakten eller opplæringskontrakten kan hevast
etter § 4-5 tredje leddet og §
4-6 siste leddet. |
| Når læretida etter kontrakten er over,
eller når kontrakten blir heva etter
§ 4-6, fell også arbeidsavtalen bort. Dersom lærlingen
eller lærekandidaten skal halde fram i bedrifta, må
ein ny arbeidsavtale inngåast. |
| Lærlingar og lærekandidatar skal ha
same tilgang på pedagogisk-psykologisk teneste som elevar
i vidaregåande skole. |
Lærekandidatar som ikkje har eller ikkje
kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære
opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning etter
kapittel 5. For slik opplæring
gjeld § 5-1, bortsett frå
andre leddet siste setning, §§
5-3, 5-4, 5-5
og 5-6 tilsvarande. |
| §
4-3. Godkjenning av lærebedrift |
| Bedrifter som tek på seg opplæring
av ein eller fleire lærlingar eller lærekandidatar,
må vere godkjende av fylkeskommunen. Som lærebedrift
kan godkjennast private og offentlege verksemder og organ for
samarbeid mellom bedrifter som i fellesskap tek på seg opplæringsansvar
(opplæringskontor eller opplæringsring). Lærebedrifta
må vere fagleg vurdert av yrkesopplæringsnemnda før
fylkeskommunen kan godkjenne bedrifta. Fylkeskommunen skal leggje
avgjerande vekt på den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemnda
før endeleg vedtak blir gjort. |
| For at eit opplæringskontor eller ein opplæringsring
skal bli godkjend, må dei enkelte bedriftene som inngår
i kontoret eller ringen, vere godkjende av fylkeskommunen. Der
samansetjinga av opplæringskontoret eller opplæringsringen
endrar seg, skal kontoret eller ringen melde frå til fylkeskommunen,
som skal vurdere godkjenninga på ny. |
| Ei lærebedrift må kunne gi ei opplæring
som tilfredsstiller krava i forskrifter etter
§ 3-4 om innhaldet i opplæringa. Der lærebedrifta
er eit opplæringskontor eller ein opplæringsring,
skal dei samarbeidande bedriftene dokumentere at dei samla tilfredsstiller
krava i forskriftene etter § 3-4
om innhaldet i opplæringa. Opplæringskontoret må
ha føresegner som fastset tilhøvet mellom kontoret
og medlemsbedriftene. Opplæringsringen må ha føresegner
som fastset tilhøvet mellom dei samarbeidande bedriftene.
Føresegnene skal fastsetje kva den enkelte bedrifta skal
gi av opplæring, og delinga av tilskotet mellom bedriftene.
Ei lærebedrift skal ha ein eller fleire fagleg kvalifiserte
personar (fagleg leiar) som har ansvaret for opplæringa,
og skal sjå til at Opplæringslova med forskrifter
blir oppfylt. Kvar enkelt bedrift skal ha ein eller fleire instruktørar
som står føre opplæringa av lærlingane
og lærekandidatane. |
| Departementet kan gi nærmare forskrifter
om vilkår for godkjenning av lærebedrifter og tap
av godkjenning. |
| §
4-4. Rettane og pliktene til lærebedrifta m.m. |
Lærebedrifta pliktar å leggje til
rette produksjonen og opplæringa slik at lærlingen
og lærekandidaten kan nå måla i den fastsette
læreplanen. Dersom lærekandidaten har krav på
spesialundervisning etter kapittel 5,
skal det utarbeidast individuell opplæringsplan, jf.
§ 5-5 første leddet. Lærebedrifta skal
utvikle ein intern plan for opplæringa, for å sikre
at lærlingen eller lærekandidaten får ei opplæring
som tilfredsstiller krava i læreplanen, eventuelt den
individuelle opplæringsplanen. Ifall delar av opplæringa
skal givast av andre enn lærebedrifta, skal lærebedrifta
leggje til rette for dette. |
| Lærebedrifta skal skape eit godt arbeids-
og læremiljø. Arbeids- og opplæringstida til
lærlingen og lærekandidaten skal til saman ikkje vere
lengre enn den arbeidstida som gjeld for andre arbeidstakarar
i faget. |
| Lærebedrifta melder lærlingen til den
fagprøva eller sveineprøva som blir halden nærmast
den tida da læretida er ute. Lærekandidaten skal ved
slutten av kontrakttida få høve til å gå
opp til ei kompetanseprøve som viser det nivået opplæringa
har ført fram til. Lærebedrifta stiller nødvendig
arbeidsplass, materiale, reiskapar og assistenthjelp til rådvelde
under prøva. Lærebedrifta får eigedomsretten
til produktet. Dersom fagprøva, sveineprøva eller
kompetanseprøva blir teken på ein skole og skolen
dekkjer materialutgiftene, får skolen eigedomsretten til
produktet av prøva. |
| Dersom lærebedrifta stansar eller utviklar
seg på ein slik måte at ho ikkje lenger finn det mogleg
å gi lærlingen eller lærekandidaten tilfredsstillande
opplæring, skal ho melde frå til fylkeskommunen. |
| Lærebedrifter får tilskot til opplæringa
frå fylkeskommunen etter forskrifter gitt av departementet.
|
| §
4-5. Lærekontrakt og opplæringskontrakt |
| Det skal opprettast skriftleg lærekontrakt
mellom lærebedrifta og lærlingen når læreforholdet
tek til. Det skal opprettast skriftleg opplæringskontrakt
mellom lærebedrifta og lærekandidaten når læreforholdet
tek til. Det skal gå fram av kontrakten kven som har ansvaret
for dei ulike delane av opplæringa etter den fastsette læreplanen.
|
| For å bli gyldig må kontrakten godkjennast
av fylkeskommunen, og han får da verknad frå den tida
arbeidsforholdet tek til. Kontrakten skal vise til den eller dei
arbeidsavtalane som lærlingen eller lærekandidaten
har. Departementet kan gi nærmare forskrifter om innhaldet
i og forma på kontrakten. |
Lærlingar som har fylt 21 år og
som inngår lærekontrakt med full opplæring
i bedrift, jf. § 3-3 sjette leddet,
skal ha ei prøvetid på seks månader. I prøvetida
kan både lærebedrifta og lærlingen seie opp
læreforholdet utan omsyn til §
4-6. Reglane i Arbeidsmiljøloven §§ 15-3
og 15-6 gjeld også når lærlingen ikkje er
skriftleg tilsett på ei bestemt prøvetid. |
| Det er ikkje nødvendig med samtykke frå
verje når det blir skrive lærekontrakt. |
| §
4-6. Endring og heving av lærekontrakt og opplæringskontrakt
|
| Etter samtykke frå fylkeskommunen
kan opplæringskontrakten mellom lærekandidaten og
lærebedrifta endrast i løpet av kontrakttida til
ordinær lærekontrakt med fagbrev eller sveinebrev
som mål. Etter samtykke frå fylkeskommunen kan lærekontrakten
mellom lærlingen og lærebedrifta i løpet av
kontrakttida endrast til opplæringskontrakt med kompetanseprøve
som mål. |
| Lærekontrakten eller opplæringskontrakten
kan hevast av partane dersom dei er samde om det og etter at lærebedrifta
har orientert fylkeskommunen skriftleg om det. |
| Etter samtykke frå fylkeskommunen
kan kontrakten hevast av både lærebedrifta og av lærlingen
eller lærekandidaten dersom |
a) |
den andre parten gjer seg skyldig i
vesentlege brot på pliktene sine i arbeidsforholdet, |
b) |
lærlingen, lærekandidaten eller lærebedrifta
viser seg ute av stand til å halde fram i læreforholdet,
eller |
c) |
lærlingen eller lærekandidaten skriftleg
seier frå at det er ei urimeleg ulempe for han eller ho
å halde fram ut kontrakttida. |
| Fylkeskommunen avgjer i tilfelle når
læreforholdet skal ta slutt. Lærebedrifta skal skrive
ut ein attest for den delen av kontrakttida som er gjennomført
med ei fråsegn om denne delen av opplæringa. |
| Når lærlingen eller lærekandidaten
frivillig hevar kontrakten, fell retten til vidaregåande
opplæring etter § 3-1 bort
dersom fylkeskommunen ikkje vedtek noko anna. Når det blir
gjort vedtak om å heve ein kontrakt etter krav frå
lærebedrifta, beheld lærlingen eller lærekandidaten
retten til vidaregåande opplæring med mindre vedtaket
fastset at retten fell bort. |
| Før det blir gjort vedtak om
heving etter krav frå lærebedrifta eller før
det blir gjort vedtak om tap av rettar, skal lærlingen eller
lærekandidaten kunne forklare seg munnleg for den som skal
gjere vedtaket. |
| Etter samtykke frå fylkeskommunen
kan læretida avbrytast i samband med permisjon. |
| Dersom lærebedrifta stansar eller
ikkje lenger fyller vilkåra for godkjenning etter
§ 4-3, eller dersom fylkeskommunen finn at opplæringa
ikkje er tilfredsstillande, skal fylkeskommunen søkje å
skaffe lærlingane eller lærekandidatane ny læreplass
for resten av kontrakttida. Den nye lærebedrifta går
inn i kontrakten i staden for den tidlegare lærebedrifta.
Etter samtykke frå fylkeskommunen kan kontrakttida i den
nye lærebedrifta gjerest inntil eitt år lengre dersom
opplæringa har vore mangelfull. |
| Lærekontrakten eller opplæringskontrakten
kan ikkje endrast eller hevast på annan måte enn etter
denne paragrafen. Unntak gjeld for lærlingar som har prøvetid
etter § 4-5 tredje leddet. |
| §
4-7. Internkontroll i den enkelte lærebedrifta |
| Lærebedrifta skal ha intern kvalitetssikring,
slik at lærlingen eller lærekandidaten får opplæring
i samsvar med lova her og forskrifta til denne. Ein eller fleire
representantar for arbeidstakarane skal saman med den eller dei
faglege leiarane jamleg sjå til at lærebedrifta følgjer
pliktene etter opplæringslova med forskrift. |
| Lærebedrifta skal årleg
rapportere til fylkeskommunen om opplæringa av lærlingar
og lærekandidatar. Departementet kan gi nærmare forskrifter
om rapporteringsplikta til lærebedrifta. |
| §
4-8. Oppgåvene til fylkeskommunen knytte til fag- og yrkesopplæringa |
| Fylkeskommunen har også oppgåver etter
§§ 4-3, 4-5 og
4-6, knytte til fag- og yrkesopplæringa. I samband med
godkjenning av lærebedrifter skal fylkeskommunen rettleie
og følgje opp bedriftene, i tillegg til å kontrollere
at den enkelte bedrifta fyller krava for å få godkjenning.
|
| Fylkeskommunen skal leggje fram for yrkesopplæringsnemnda
saker som har betydning for fag- og yrkesopplæringa, før
fylkeskommunen gjer vedtak i saka. Saker om godkjenning av lærebedrifter,
tap av godkjenningar og kvalitetssystemet for fag- og yrkesopplæringa
skal alltid leggjast fram for nemnda. Fylkeskommunen skal leggje
vekt på det yrkesopplæringsnemnda har vedteke eller
uttalt når han avgjer saker som gjeld fag- og yrkesopplæringa.
I samband med godkjenning av lærebedrift eller vedtak om
tap av godkjenning skal fylkeskommunen leggje avgjerande vekt
på den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemnda,
jf. § 4-3. |
| Fylkeskommunen skriv ut fagbrev og sveinebrev på
grunnlag av greidd prøve, og kompetansebevis for opplæring
som er gjennomført. |
| Fylkeskommunen godkjenner praksis for kandidatar
som melder seg til fagprøve eller sveineprøve utan
læretid, jf. § 3-5. |
| Etter forslag frå yrkesopplæringsnemnda
nemner fylkeskommunen opp ei, eller om nødvendig fleire
prøvenemnder for dei faga det er prøvekandidatar
i. Fylkeskommunen kan eventuelt nemne opp prøvenemnder
i samarbeid med andre fylkeskommunar. |
|
|