Forskrifter

Planer

Kunnskapsløftet
Innledning
Generell del
Prinsipper for opplæringen
Omtale av vurdering
Fag- og timefordeling
Fagkoder
Grunnskolen
Videregående opplæring
Fellesfag
Studiespesialisering
Musikk, dans og drama
Idrett
Bygg- og anleggsteknikk
Design og håndverk
Elektrofag
Helse- og sosialfag
Medier og kommunikasjon
Naturbruk
Restaurant- og matfag
Service og samferdsel
Teknikk og industriell produksjon
Kunnskapsløftet
Læreplan for grunnskolen og videregående opplæring
Studiespesialiserende utdanningsprogram
Formgivingsfag
Læreplan i DESIGN og ARKITEKTUR
Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 24. mars 2006 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i Lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (Opplæringslova) § 3-4 første ledd.
Gjeld frå: 1. august 2006
Føremål
Struktur
Timetal
Hovudområde
    Produktutvikling og materiale
Teikning, konstruksjon og modellar
Formkultur
Kompetansemål
  Design og arkitektur 1
Design og arkitektur 2
Design og arkitektur 3
Vurdering

Føremål
Design og arkitektur verkar inn på kvardagen. Dei fleste gjenstandane vi har rundt oss til dagleg, er designa. Bustaden vi bur i, kleda vi ber, avisa vi les, koppen vi drikk av, og transportmiddelet vi nyttar, dannar ramma for det livet vi lever. Programfaget skal medverke til å utvikle evna til å vurdere ny design og arkitektur i eit berekraftig miljøperspektiv og evna til å verne om kulturlandskap og kulturhistoriske miljø. Programfaget skal medverke til å utvikle aktive og medvitne forbrukarar og produsentar. Det skal òg medverke til å utvikle design, arkitektur og omgjevnader som inkluderer alle grupper i samfunnet.
Design og arkitektur speglar dei kulturelle verdiane til både individet og samfunnet. Programfaget kan gje impulsar til entreprenørskap og kulturell og samfunnsmessig forståing for oppgåvene som formgjevarane har i vår tid. De fleste avgjerslene om dei fysiske omgjevnadene våre blir tekne på grunnlag av teikningar og digitale representasjonar. Programfaget skal derfor medverke til å utvikle kunnskap om proporsjonar, målestokk og materiale, som både er ein del av allmenndanninga og eit nødvendig grunnlag for vidare studiar innanfor design og arkitektur.
Opplæringa i programfaget skal bere preg av skapande og konstruktivt analyserande arbeid i verkstader. Impulsar og trendar frå nasjonale og internasjonale kulturar og urfolkkulturar er ressursar i arbeidet med idéutvikling. Samarbeid med profesjonelle designarar og arkitektar kan vere ei kjelde til inspirasjon og refleksjon i programfaget. Lokalt forankra oppgåver kan medverke til samarbeid om utvikling av miljø, innerom og uterom.

Struktur
Design og arkitektur har tre programfag: design og arkitektur 1, design og arkitektur 2 og design og arkitektur 3. Design og arkitektur 2 byggjer på design og arkitektur 1. Design og arkitektur 3 byggjer på design og arkitektur 2.
Faget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for.
Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.
Oversikt over hovudområda:
Fag
Hovudområde
Design og arkitektur 1
Produktutvikling og materiale
Teikning, konstruksjon og modellar
Formkultur
Design og arkitektur 2
Produktutvikling og materiale
Teikning, konstruksjon og modellar
Formkultur
Design og arkitektur 3
Produktutvikling og materiale
Teikning, konstruksjon og modellar
Formkultur

Timetal
Timetalet er oppgjeve i einingar på 60 minutt:
Design og arkitektur 1: 140 årstimar
Design og arkitektur 2: 140 årstimar
Design og arkitektur 3: 140 årstimar

Hovudområde
Produktutvikling og materiale
Hovudområdet produktutvikling og materiale omfattar to- og tredimensjonalt praktisk skapande arbeid. Studiar av kunsthandverk, produktdesign, mote, arkitektur, byggjeskikk, landskapsarkitektur og grafisk design høyrer med. Utforming av produkt etter kravspesifikasjon er utgangspunkt for eksperimentering og val av materiale, reiskapar og teknikkar. Kommunikasjon og forholdet mellom form, farge, komposisjon og funksjon står sentralt i hovudområdet. Rammefaktorar som verkar inn på design og arkitektur, er med i hovudområdet.
Teikning, konstruksjon og modellar
Hovudområdet teikning, konstruksjon og modellar omfattar skisser og teikningar i ulike fasar av produktutvikling. Perspektivteikning og projeksjonsteikning står sentralt. Bygging av modellar i målestokk og bruk av digitale verktøy til visualisering av prosjekt og konstruksjon i full skala høyrer med i hovudområdet. Å eksperimentere med fargar og proporsjonar og å konstruere mønster og ornament står sentralt.
Formkultur
Hovudområdet formkultur omfattar korleis samfunnskrefter, råvaretilgang og menneskelege tilhøve har prega handverk, design og arkitektur. Korleis dette kjem til uttrykk i formkulturen frå ulike epokar, nasjonalt og internasjonalt, står sentralt. I formkultur blir 1900-talet og samtida omtala, deretter formkulturen fram til 1600, og så perioden frå 1600- til 1900-talet. I hovudområdet høyrer det med fagterminologi for å beskrive, analysere og vurdere ulike formuttrykk. Studiar av formkultur kan vere utgangspunkt for eige skapande arbeid.

Kompetansemål
FOR2Z04 Design og arkitektur 1
Produktutvikling og materiale
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
utvikle produkt til ulike typar rom ut frå kravspesifikasjonar
bruke harde, plastiske og tekstile materiale i produktutvikling
forklare prinsippa i Natural Colour System (NCS) og nytte dette i fargesetjing
gjere greie for omsyn til miljø, ressursar og forbruk i arbeid med design og arkitektur
planleggje og dokumentere arbeidsprosessen frå idé til ferdig produkt
presentere og vurdere form, farge, funksjon og materiale i eige arbeid
Teikning, konstruksjon og modellar
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
teikne rom i plan, oppriss og perspektiv
lage skisser og utarbeide arbeidsteikningar
byggje modellar i målestokk
eksperimentere med korleis lys og fargar verkar inn på rom og overflate
bruke digitale teknikkar og biletbehandling i presentasjon av modellar og produkt
Formkultur
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
gjere greie for hovudtrekka i utviklinga av viktige formtradisjonar i norsk formkultur og samisk duodji og kva innverknad dei har på moderne design
presentere sentrale arbeid innanfor kunsthandverk, design og arkitektur frå 1900-talet
karakterisere særtrekk ved byggjeskikk og handverk- og husflidstradisjon i regionen
gjere greie for materialbruk, formspråk og funksjon i formkultur frå ulike samfunn og kulturar og setje det inn i ein kulturell samanheng
gjere greie for særtrekk ved Scandinavian Design og vise korleis desse har verka inn på interiørutforming
gjere greie for funksjon, form og dekor på bygningar og bruksgjenstandar frå 1900-talet

FOR2Z05 Design og arkitektur 2
Produktutvikling og materiale
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
utvikle grafisk formgjeving og layout ut frå kravspesifikasjonar
bruke og vurdere form, farge og komposisjon i utvikling av symbol, teikn og skrift i informasjonsdesign
gjere greie for og vurdere informasjonsdesign i offentlege rom
bruke trykkteknikkar på papir og tekstil
forklare prinsippa for pigmentfarge- og lysfargeblanding med utgangspunkt i Cyan, Magenta, Yellow og blacK (CMYK) og Red, Green og Blue (RGB)
Teikning, konstruksjon og modellar
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
teikne og formidle idear og illustrere tekst
manipulere eigne bilete digitalt og bruke det i ulike samanhengar
bruke sentrale komposisjonsprinsipp og eksperimentere med fargesamansetjingar og fargeverknader i flatekomposisjonar
stilisere motiv og konstruere mønster for trykk
bruke digitalt verktøy i utvikling og produksjon av modellar
dokumentere og vurdere eigne prosessar frå idé til ferdig biletuttrykk
Formkultur
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
gjere greie for hovudtrekk i vestleg gjenstandskultur fram til 1600-talet og gje døme på korleis arven frå antikken har verka inn på formspråket
gje døme på kulturpåverknad i arkitektur, byggjeskikk og kulturlandskap fram til 1600-talet
beskrive klede og andre bruksgjenstandar fram til 1600-talet
beskrive sentrale materiale og teknikkar i klede, bruksgjenstandar, design og arkitektur fram til 1600-talet
gjere greie for korleis arkitektur og ornament speglar religion, filosofi, mytologi og litteratur
forklare korleis samisk formkultur skil seg ut som eige formuttrykk i Norden

FOR2Z06 Design og arkitektur 3
Produktutvikling og materiale
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
designe klede og utstyr som høyrer til, ut frå kravspesifikasjonar
designe gjenstandar for innerom og uterom
eksperimentere med ulike materiale i produktutviklinga
forklare enkle prinsipp for bygningskonstruksjon og eigenskapane til dei viktigaste materiala
gjere greie for korleis menneskelege mål, materiale, landskap og klima bestemmer forma på bygningar og plasseringa deira
beskrive og vurdere uterom i nærmiljøet
Teikning, konstruksjon og modellar
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
lage skisser og arbeidsteikningar for klede og utstyr som høyrer til
teikne hus, uterom og miljø i ulike perspektiv og i aksonometri
utvikle modell for uterom i nærmiljø
beskrive korleis plan- og byggjesaker blir behandla og presenterte
presentere arkitektur eller designprodukt frå idé til ferdig produkt
prøve ut enkle prinsipp for dimensjonering, konstruksjonar og eigenskapane til materiala
Formkultur
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
beskrive og vurdere sentrale arkitektoniske verk, plassar, hagar og parkar etter 1600
gjere greie for trendar og påverknad i design etter 1600
gjere greie for idear knytte til kulturminne- og landskapsvern
vurdere ressursbruk, miljø og etikk i tilknyting til design, arkitektur og miljøutforming
vise korleis arkitektur, byggeskikk, kulturlandskap og miljøutforming er uttrykk for ulike kulturar og tradisjonar
gjere greie for særtrekk ved Scandinavian Design og vise korleis desse har verka inn på arkitektur

Vurdering
Føresegner for sluttvurdering:
Standpunktvurdering
Programfag
Ordning
FOR2004 Design og arkitektur 1 Elevane skal ha standpunktkarakter.
FOR2005 Design og arkitektur 2 Elevane skal ha standpunktkarakter.
FOR2006 Design og arkitektur 3 Elevane skal ha standpunktkarakter.
Eksamen for elevar
Programfag
Ordning
FOR2004 Design og arkitektur 1 Elevane kan trekkjast ut til praktisk eksamen.
Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
FOR2005 Design og arkitektur 2 Elevane kan trekkjast ut til praktisk eksamen.
Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
FOR2006 Design og arkitektur 3 Elevane kan trekkjast ut til praktisk eksamen.
Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Eksamen for privatistar
Programfag
Ordning
FOR2004 Design og arkitektur 1 Elevane kan trekkjast ut til praktisk eksamen.
Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
FOR2005 Design og arkitektur 2 Elevane kan trekkjast ut til praktisk eksamen.
Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
FOR2006 Design og arkitektur 3 Elevane kan trekkjast ut til praktisk eksamen.
Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til Opplæringslova.
Programområde
for formgjevingsfag
Innleiing
Struktur
Timetal
Grunnleggjande ferdigheiter
Design og arkitektur
Samisk visuell kultur
Scenografi og kostyme
Trykk og foto
Visuelle kunstfag
Visuell kultur og samfunn

Studiespesialisering
Idrettsfag
Musikk, dans og drama
Bygg- og anleggsteknikk
Design og håndverk
Elektrofag
Helse- og sosialfag
Medier og kommunikasjon
Naturbruk
Restaurant- og matfag
Service og samferdsel
Teknikk og industriell produksjon