Forskrifter

Planer

Kunnskapsløftet
Innledning
Generell del
Prinsipper for opplæringen
Omtale av vurdering
Fag- og timefordeling
Fagkoder
Grunnskolen
Videregående opplæring
Fellesfag
Studiespesialisering
Musikk, dans og drama
Idrett
Bygg- og anleggsteknikk
Design og håndverk
Elektrofag
Helse- og sosialfag
Medier og kommunikasjon
Naturbruk
Restaurant- og matfag
Service og samferdsel
Teknikk og industriell produksjon
Kunnskapsløftet
Læreplan for grunnskolen og videregående opplæring
Studiespesialiserende utdanningsprogram
Formgivingsfag
Læreplanar for programområde formgjevingsfag
i studiespesialiserande utdanningsprogram
Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 24. mars 2006 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i Lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (Opplæringslova) § 3-4 første ledd.
Gjeld frå: 1. august 2006
Innleiing om programområdet
Struktur i programfaga for programområde for formgjevingsfag
Timetal i programfaga
Grunnleggjande ferdigheiter i programområdet

Innleiing om programområdet
Studiespesialisering med programområde for formgjevingsfag er ei vidareføring av teikning, form og farge, tidlegare treårig løp med studiekompetanse. Programområde for formgjevingsfag vil, som tidlegare, innehalde teikning, form, farge og kunst og kulturhistorie, men faga har fått nye grenser og inndeling. Innhaldet i faga er blitt modernisert og design og arkitektur er sterkare framheva. Det praktisk skapande arbeidet med teknikkar og materiale er behalde. Kunst- og kulturhistorie er knytt tettare til det praktiske arbeidet og er ein del av alle programfaga.
Programområde for formgjevingsfag har felles programfag og valfrie programfag. Dei to felles programfaga er visuelle kunstfag og design og arkitektur. For programområdet er det òg utarbeidd læreplanar valfrie programfag, der ein kan gå djupare inn i avgrensa område, praktisk eller teoretisk. Programfaga i formgjevingsfag inngår i eit samspel. Dette inneber innøving av handlag, ferdigheitar, kunnskapsoppbygging og skapande verksemd. Kreativt arbeid i atelier og verkstad kan øve opp evna til å utforme, forstå og glede seg over estetiske og føremålstenlege løysingar på bilde- og formproblematikk.
Elevar som vel programområde for formgjevingsfag, må velje begge dei felles programfaga. I tillegg må dei velje valfrie programfag som til saman utgjer 420 årstimar. Dei kan t.d. velje blant dei valfrie programfaga som er særskilt utarbeidde for programområde for formgjevingsfag eller dei kan velje blant programfag frå dei andre programområda på studieførebuande utdanningsprogram.
Programområdet har både eit allmenndannande og et profesjonsførebuande siktemål. Formgjevingsfag opnar også for vidare utdanning innanfor kunst og kultur.

Struktur i programfaga for programområde for formgjevingsfag
Timetal i programfaga
Timetalet er oppgjeve i einingar på 60 minutt:
Felles programfag
Visuelle kunstfag 1, 2 og 3
140
+
140
+
140
Design og arkitektur 1, 2 og 3
140
+
140
+
140
Valgfrie programfag
Visuell kultur og samfunn
140 årstimar
Scenografi og kostyme
140 årstimar
Trykk og foto
140 årstimar
Samisk visuell kultur
140 årstimar

Grunnleggende ferdigheter i utdanningsprogrammet
Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla, der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I formgjevingsfag forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:
Å kunne uttrykkje seg munnleg i formgjevingsfag inneber å bruke fagterminologi i samband med arbeid i verkstad og bruke fagomgrep i samtalar, presentasjonar og diskusjon om eige og andres arbeid.
Å kunne uttrykkje seg skriftleg i formgjevingsfag inneber å bruke teikn, bilete og symbol i visuelle uttrykk. Skriftleg og visuell kompetanse blir utvikla når fakta, idear og haldningar blir omsette til teikn.
Å kunne lese i formgjevingsfag inneber å undersøkje, tolke og bruke informasjon frå tekst og estetiske uttrykk i bilete, arkitektur, design og bruksform. Det vil òg seie å nytte medium, arkiv, samlingar, bibliotek og røynsle frå arbeid i verkstad til å auke den faglege forståinga.
Å kunne rekne i formgjevingsfag inneber å berekne målestokk, form, proporsjonar, volum og dimensjonar i produktutvikling. Det er òg sentralt i samband med geometri, perspektivteikning og aksonometri.
Å kunne bruke digitale verktøy i formgjevingsfag inneber å bruke informasjonsteknologi knytt til skapande arbeid, visuell kommunikasjon, layout, presentasjon og dokumentasjon.
Programområde
for formgjevingsfag
Innleiing
Struktur
Timetal
Grunnleggjande ferdigheiter
Design og arkitektur
Samisk visuell kultur
Scenografi og kostyme
Trykk og foto
Visuelle kunstfag
Visuell kultur og samfunn

Studiespesialisering
Idrettsfag
Musikk, dans og drama
Bygg- og anleggsteknikk
Design og håndverk
Elektrofag
Helse- og sosialfag
Medier og kommunikasjon
Naturbruk
Restaurant- og matfag
Service og samferdsel
Teknikk og industriell produksjon