Forskrifter

Planer

Kunnskapsløftet
Innledning
Generell del
Prinsipper for opplæringen
Omtale av vurdering
Fag- og timefordeling
Fagkoder
Grunnskolen
Videregående opplæring
Fellesfag
Studiespesialisering
Musikk, dans og drama
Idrett
Bygg- og anleggsteknikk
Design og håndverk
Elektrofag
Helse- og sosialfag
Medier og kommunikasjon
Naturbruk
Restaurant- og matfag
Service og samferdsel
Teknikk og industriell produksjon
Kunnskapsløftet
Læreplan for grunnskolen og videregående opplæring
Studiespesialiserende utdanningsprogram
Formgivingsfag
Læreplan i SAMISK VISUELL KULTUR
Fastsatt som forskrift av Sametinget 18.10.2007 med hjemmel i Lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (Opplæringslova) § 6-4 andre ledd.
Gjelder fra fastsettelsesdato.
Føremål
Struktur
Timetal
Hovudområde
    Samiske visuelle uttrykk
Samisk visuell kultur og samfunn
Grunnleggjande ferdigheiter
Kompetansemål
  Samiske visuelle uttrykk
Samisk visuell kultur og samfunn
Vurdering

Føremål
Samisk visuell kultur har lange tradisjonar og er eit viktig identitetsskapande element. Programfaget skal sikre samiske visuelle tradisjonar og medverke til utvikling av samiske visuelle uttrykksformer. Vidare skal programfaget leggje grunnlag for samiske visuelle uttrykksformer i eit mangfaldig kunst- og kulturliv.
Programfaget skal medverke til kunnskap om ulike problemstillingar knytte til samisk visuell kultur. Programfaget skal også medverke til kunnskap om kva rolle, form og praksis visuelle uttrykk har hatt og har i samisk kulturliv. Vidare skal programfaget medverke til å utvikle bruken av samiske visuelle uttrykk i ulike samanhengar.
Opplæringa skal leggje til rette for praktisk arbeid med ulike visuelle uttrykksformer og teknikkar i samisk visuell kultur. Opplæringa skal også leggjast til rette slik at eleven får høve til ulike opplevingar og inspirasjon gjennom arbeid med samiske og andre urfolks uttrykksformer.

Struktur
Programfaget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.
Oversikt over hovudområda:
Programfag
Hovudområde
Samisk visuell kultur
Samiske visuelle uttrykk
Samisk visuell kultur og samfunn

Timetal
Timetalet er oppgjeve i einingar på 60 minutt:
Samisk visuell kultur: 140 årstimar

Hovudområde
Samiske visuelle uttrykk
Hovudområdet samiske visuelle uttrykk omfattar samisk visuell kultur gjennom tidene og fram til i dag. Hovudområdet omfattar også sentrale endringar i samisk visuell kultur. Vidare handlar hovudområdet om kva meiningsinnhald naturgitte og menneskeskapte objekt har i den åndelege og visuelle kulturen.
Samisk visuell kultur og samfunn
Hovudområdet samisk visuell kultur og samfunn handlar om objekt og praksisar som viser kva for materiale, teknikkar og symbol som har vore brukte i samisk daglegliv, og som i dag kjem til uttrykk i klestradisjonar, utsmykking og visuell kunst. Hovudområdet handlar også om samisk samtidskunst, både som del av den samiske visuelle kulturen og som del av ei global kunstverd.

Grunnleggjande ferdigheiter
Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla, der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I formgjevingsfag forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:
Å kunne uttrykkje seg munnleg i formgjevingsfag inneber å bruke fagterminologi i samband med arbeid i verkstad og bruke fagomgrep i samtalar, presentasjonar og diskusjon om eige og andres arbeid.
Å kunne uttrykkje seg skriftleg i formgjevingsfag inneber å bruke teikn, bilete og symbol i visuelle uttrykk. Skriftleg og visuell kompetanse blir utvikla når fakta, idear og haldningar blir omsette til teikn.
Å kunne lese i formgjevingsfag inneber å undersøkje, tolke og bruke informasjon frå tekst og estetiske uttrykk i bilete, arkitektur, design og bruksform. Det vil òg seie å nytte medium, arkiv, samlingar, bibliotek og røynsle frå arbeid i verkstad til å auke den faglege forståinga.
Å kunne rekne i formgjevingsfag inneber å berekne målestokk, form, proporsjonar, volum og dimensjonar i produktutvikling. Det er òg sentralt i samband med geometri, perspektivteikning og aksonometri.
Å kunne bruke digitale verktøy i formgjevingsfag inneber å bruke informasjonsteknologi knytt til skapande arbeid, visuell kommunikasjon, layout, presentasjon og dokumentasjon.

Kompetansemål
FOR6Z01Samisk visuell kultur
Samiske visuelle uttrykk
Mål for opplæringa er at elevane skal kunne
gjere greie for visuelle uttrykk og objekt frå samisk kultur gjennom tidene og fram til i dag
drøfte objekt frå samisk visuell kultur med tanke på tid, rom, stad, symbolbruk, teknikkar, materiale og samanheng med andre objekt
skape eigne kreative uttrykk med bakgrunn i kunnskap om den samiske visuelle kulturen, både den historiske kulturen og samtidskulturen
Samisk visuell kultur og samfunn
Mål for opplæringa er at elevane skal kunne
drøfte forholdet mellom samisk visuell kultur og åndelegheit med utgangspunkt i objekt og former i naturen
drøfte forholdet mellom samisk visuell kultur og samfunnsutviklinga
undersøkje om og vurdere korleis samisk visuell kultur kjem til uttrykk i eit nærmiljø
drøfte korleis samisk visuell kultur skil seg frå andre visuelle kulturar
gjere greie for bruk og symbolikk i tradisjonelle samiske klede og i nye samiske klesuttrykk
gjere greie for etableringa av samiske kunstinstitusjonar i 1970-talet og samisk kunstutvikling

Vurdering i Samisk visuell kultur
Bestemmelser for sluttvurdering:
Standpunktvurdering
Programfag
Ordning
FOR3004 Samisk visuell kultur Elevane skal ha standpunktkarakter.
Eksamen for elever
Programfag
Ordning
FOR3004 Samisk visuell kultur Elevane kan trekkjast ut til munnleg-praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Eksamen for privatister
Programfag
Ordning
FOR3004 Samisk visuell kultur Privatistane kan trekkjast ut til munnleg-praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til Opplæringslova.
Programområde
for formgjevingsfag
Innleiing
Struktur
Timetal
Grunnleggjande ferdigheiter
Design og arkitektur
Samisk visuell kultur
Scenografi og kostyme
Trykk og foto
Visuelle kunstfag
Visuell kultur og samfunn

Studiespesialisering
Idrettsfag
Musikk, dans og drama
Bygg- og anleggsteknikk
Design og håndverk
Elektrofag
Helse- og sosialfag
Medier og kommunikasjon
Naturbruk
Restaurant- og matfag
Service og samferdsel
Teknikk og industriell produksjon