Forskrifter

Planer

Kunnskapsløftet
Innledning
Generell del
Prinsipper for opplæringen
Omtale av vurdering
Fag- og timefordeling
Fagkoder
Grunnskolen
Videregående opplæring
Fellesfag
Studiespesialisering
Musikk, dans og drama
Idrett
Bygg- og anleggsteknikk
Design og håndverk
Elektrofag
Helse- og sosialfag
Medier og kommunikasjon
Naturbruk
Restaurant- og matfag
Service og samferdsel
Teknikk og industriell produksjon
Kunnskapsløftet
Læreplan for grunnskolen og videregående opplæring
Studiespesialiserende utdanningsprogram
Formgivingsfag
Læreplan i SCENOGRAFI og KOSTYME
Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 24. mars 2006 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i Lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (Opplæringslova) § 3-4 første ledd.
Gjeld frå: 1. august 2006
Føremål
Struktur
Timetal
Hovudområde
    Scenerom
Kostyme
Stilhistorie
Kompetansemål
  Scenografi og kostyme
Vurdering

Føremål
Scenografi og kostyme blir nytta på ulike måtar i arrangement og oppsetjingar. Kunnskap om korleis scenografi og kostyme kommuniserer visuelt, er ein sentral del av den kulturelle kompetansen.
Programfaget skal gjere det mogleg for den einskilde å skape eigne uttrykk og utvikle evna til å planleggje, produsere og gjennomføre prosjekt knytte til ulike arrangement. Programfaget skal òg medverke til å utvikle kunnskap om samanhengen mellom føremål og verkemiddel.
Programfaget kan knytast til oppsetjingar, revyar og presentasjonar i skule og lokalsamfunn. I slike arrangement er det naturleg å samarbeide med idrett og kunstartar som musikk, dans og drama. Elevane får høve til å lage scenografi og kostyme for slike oppsetjingar.

Struktur
Faget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for.
Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.
Oversikt over hovudområda:
Programfag
Hovudområde
Scenografi og kostyme
Scenerom
Kostyme
Stilhistorie

Timetal
Timetalet er oppgjeve i einingar på 60 minutt:
Scenografi og kostyme: 140 årstimar

Hovudområde
Scenerom
Hovudområdet scenerom omfattar utforming av modellar av scenerom og produksjon av enkle sceneoppsetjingar. Korleis lys, farge og komposisjon verkar inn på bodskapen og uttrykket til scenerommet, er sentralt. Planlegging og utforming av scenografi for digital produksjon høyrer med. Val av materiale og teknikkar står sentralt.
Kostyme
Hovudområdet kostyme omfattar enkel design og produksjon av kostyme. Val av materiale, teknikkar og farge i klede og kostyme står sentralt. Sminke, kostyme og rekvisittar som del av scenerommet er med i hovudområdet.
Stilhistorie
Hovudområdet stilhistorie omfattar stiluttrykk i klede, møblar og gjenstandar frå ulike kulturar og epokar og sceniske verkemiddel frå ulike epokar. Studie av scenografi for større arrangement er òg ein del av hovudområdet.

Kompetansemål
FOR3Z02 Scenografi og kostyme
Scenerom
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
utforme modellar i målestokk av scenerom til tenkte arrangement
planleggje og produsere enkle sceneoppsetjingar
vurdere korleis kvitt og farga lys verkar inn på uttrykket til scenerommet
planleggje og utforme scenografi for digital produksjon
bruke form, farge, komposisjon og materiale til å formidle ein bodskap
Kostyme
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
designe og produsere enkle kostyme
lage skisser til presentasjon av kostyme
vurdere val av farge og materiale i klede og kostyme
bruke enkel mønsterkonstruksjon og ulike samanføyingsteknikkar
vurdere verkemidla sminke, kostyme og rekvisittar som kommunikasjon i scenerommet
lage enkle masker til ei tenkt oppsetjing
Stilhistorie
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
karakterisere særtrekk ved klede, møblar og gjenstandar frå ulike epokar og kulturar
analysere og samanlikne sceniske uttrykk og verkemiddel i filmar frå ulike epokar
karakterisere særtrekk ved design av større arrangement

Vurdering
Føresegner for sluttvurdering:
Standpunktvurdering
Programfag
Ordning
FOR3002 Scenografi og kostyme Elevane skal ha standpunktkarakter.
Eksamen for elevar
Programfag
Ordning
FOR3002 Scenografi og kostyme Elevane kan trekkjast ut til praktisk eksamen.
Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Eksamen for privatistar
Programfag
Ordning
FOR3002 Scenografi og kostyme Privatistane skal opp til praktisk eksamen.
Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til Opplæringslova.
Programområde
for formgjevingsfag
Innleiing
Struktur
Timetal
Grunnleggjande ferdigheiter
Design og arkitektur
Samisk visuell kultur
Scenografi og kostyme
Trykk og foto
Visuelle kunstfag
Visuell kultur og samfunn

Studiespesialisering
Idrettsfag
Musikk, dans og drama
Bygg- og anleggsteknikk
Design og håndverk
Elektrofag
Helse- og sosialfag
Medier og kommunikasjon
Naturbruk
Restaurant- og matfag
Service og samferdsel
Teknikk og industriell produksjon