Forskrifter

Planer

Kunnskapsløftet
Innledning
Generell del
Prinsipper for opplæringen
Omtale av vurdering
Fag- og timefordeling
Fagkoder
Grunnskolen
Videregående opplæring
Fellesfag
Studiespesialisering
Musikk, dans og drama
Idrett
Bygg- og anleggsteknikk
Design og håndverk
Elektrofag
Helse- og sosialfag
Medier og kommunikasjon
Naturbruk
Restaurant- og matfag
Service og samferdsel
Teknikk og industriell produksjon
Kunnskapsløftet
Læreplan for grunnskolen og videregående opplæring
Studiespesialiserende utdanningsprogram
Formgivingsfag
Læreplan i TRYKK og FOTO
Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 24. mars 2006 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i Lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (Opplæringslova) § 3-4 første ledd.
Gjeld frå: 1. august 2006
Føremål
Struktur
Timetal
Hovudområde
    Grafisk uttrykk
Teknikk og materiale
Foto, grafikk og samfunn
Kompetansemål
  Trykk og foto
Vurdering

Føremål
Programfaget gjev grunnlag for å forstå kor viktig trykkteknikken og fotografiet er som eigne uttrykksmiddel og som uttrykk for kulturstraumar. Trykkjemetodar har gjort det mogleg å mangfalde tekst og bilete på ein effektiv måte. Programfaget har òg eit kunstnarleg perspektiv der personleg uttrykk står i sentrum.
Gjennom skapande arbeid med foto, trykk og grafiske teknikkar skal den einskilde få høve til å utvikle eige uttrykk og kunnskap om og ferdigheit innan visuell kommunikasjon.
Opplæringa i programfaget skal pregast av utprøving av materiale, teknikkar og arbeidsmåtar i verkstader. Møte med foto og trykk av sentrale utøvarar, både kunstnarar og handverkarar, vil òg kunne vere eit viktig korrektiv og inspirasjon til eiga verksemd.

Struktur
Programfaget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.
Oversikt over hovudområda:
Fag
Hovudområde
Trykk og foto
Grafisk uttrykk
Teknikk og materiale
Foto, grafikk og samfunn

Timetal
Timetalet er oppgjeve i einingar på 60 minutt:
Trykk og foto: 140 årstimar

Hovudområde
Grafisk uttrykk
Hovudområdet grafisk uttrykk omfattar grafiske verkemiddel som blir nytta i skapande arbeid. Teikning, foto, skrift og digitale verktøy står sentralt. Overføringsmetodar frå bilete til grafisk uttrykk er vesentleg i hovudområdet. Utarbeiding av layout for ulike formål høyrer òg med.
Teknikk og materiale
Hovudområdet teknikk og materiale omfattar trykkjeprosessar på ulike underlag og teknikkar for overføring av motiv til trykk. Fotografiske teknikkar og reproduksjon står sentralt. Bruk av miljøvennleg materiale og utstyr er òg med i hovudområdet.
Foto, grafikk og samfunn
Hovudområdet foto, grafikk og samfunn omfattar foto som reportasje, dokumentasjon og kunstuttrykk, og rolla til det masseproduserte biletet i samfunnsdebatten. Særtrekk i grafiske uttrykk frå ulike kulturar er sentralt i hovudområdet. Bokkunst, illustrasjon og arbeid av sentrale grafikarar, grafiske designarar og tekstilkunstnarar høyrer med.

Kompetansemål
FOR3Z03 Trykk og foto
Grafisk uttrykk
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
bruke ulike visuelle verkemiddel i skapande arbeid
bruke teikning, foto og skrift i arbeid med å utvikle trykk
bruke og vurdere valør og farge, flate og romlege verkemiddel i grafiske uttrykk
manipulere og overføre bilete ved hjelp av digitale verktøy
dokumentere eige grafisk arbeid og følgje rutinar for signering
utarbeide layout for ulike føremål
Teknikk og materiale
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
planleggje og utføre ulike former for trykk
vurdere om idear, skisser og teikningar eignar seg for reproduksjon
bruke ulike teknikkar i overføring av motiv til trykk
utføre trykk på ulike underlag og vurdere resultatet
bruke ulike fotografiske teknikkar rett
bruke materiale og utstyr i tråd med retningsliner for helse, miljø og sikkerheit
Foto, grafikk og samfunn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
gjere greie for rolla til det masseproduserte biletet i samfunnsdebatten
vurdere foto som reportasje, dokumentasjon og kunstuttrykk
presentere sentrale verk innanfor bokkunst og illustrasjon
karakterisere arbeid av sentrale grafikarar, fotografar, grafiske designarar og tekstilkunstnarar
presentere særtrekk i grafiske arbeid frå ulike kulturar

Vurdering
Føresegner for sluttvurdering:
Standpunktvurdering
Programfag
Ordning
FOR3003 Trykk og foto Elevane skal ha standpunktkarakter.
Eksamen for elevar
Programfag
Ordning
FOR3003 Trykk og foto Elevane kan trekkjast ut til praktisk eksamen.
Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Eksamen for privatistar
Programfag
Ordning
FOR3003 Trykk og foto Privatistane skal opp til praktisk eksamen.
Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til Opplæringslova.
Programområde
for formgjevingsfag
Innleiing
Struktur
Timetal
Grunnleggjande ferdigheiter
Design og arkitektur
Samisk visuell kultur
Scenografi og kostyme
Trykk og foto
Visuelle kunstfag
Visuell kultur og samfunn

Studiespesialisering
Idrettsfag
Musikk, dans og drama
Bygg- og anleggsteknikk
Design og håndverk
Elektrofag
Helse- og sosialfag
Medier og kommunikasjon
Naturbruk
Restaurant- og matfag
Service og samferdsel
Teknikk og industriell produksjon