Forskrifter

Planer

Kunnskapsløftet
Innledning
Generell del
Prinsipper for opplæringen
Omtale av vurdering
Fag- og timefordeling
Fagkoder
Grunnskolen
Videregående opplæring
Fellesfag
Studiespesialisering
Musikk, dans og drama
Idrett
Bygg- og anleggsteknikk
Design og håndverk
Elektrofag
Helse- og sosialfag
Medier og kommunikasjon
Naturbruk
Restaurant- og matfag
Service og samferdsel
Teknikk og industriell produksjon
Kunnskapsløftet
Læreplan for grunnskolen og videregående opplæring
Studiespesialiserende utdanningsprogram
Formgivingsfag
Læreplan i VISUELL KULTUR og SAMFUNN
Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 24. mars 2006 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i Lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (Opplæringslova) § 3-4 første ledd.
Gjeld frå: 1. august 2006
Føremål
Struktur
Timetal
Hovudområde
    Kunst og samfunn
Design og samfunn
Arkitektur og samfunn
Kompetansemål
  FOR3001 Visuell kultur og samfunn
Vurdering

Føremål
Kunnskap om kva rolle kunst, design og arkitektur spelar i ulike kulturar, epokar og samfunn, er avgjerande for å forstå si eiga tid og ulike ytringar. Global distribusjon av bilete gjennom TV og Internett har auka behovet for kunnskap om eigen og andres visuelle kultur. Visuell kultur er ein sentral del av den kulturelle kompetansen.
Visuell kultur og samfunn skal stimulere til kulturforståing og evne til analyse og kritisk tenking om kunst, design, arkitektur og omgjevnader. Programfaget skal leggje grunnlag for forståing av samspelet mellom samfunnskreftene og den menneskelege faktoren i visuell kommunikasjon. Programfaget skal vidare medverke til å utvikle kunnskap om kultur, estetisk vurderingsevne og medvit om den rolla formkultur har i ulike samfunn. Dette kan medverke til personleg utvikling og auke gleda i møte med kunst, design og arkitektur.
Opplæringa i programfaget skal ta utgangspunkt i konkrete døme på kunst, design og arkitektur, og setje dette inn i ein kulturell og samfunnsmessig samanheng. Visuell kultur i lokalmiljøet kan medverke til å gjere innhaldet i programfaget levande. Samtidsarenaer for kunstoppleving og bevaring, utvikling og formidling av kultur kan vere ei viktig kjelde til innsikt i kunst- og formuttrykk i fortid og notid.

Struktur
Programfaget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.
Oversikt over hovudområda:
Fag
Hovudområde
Visuell kultur og samfunn
Kunst og samfunn
Design og samfunn
Arkitektur og samfunn

Timetal
Timetalet er oppgjeve i einingar på 60 minutt:
 Visuell kultur og samfunn: 140 årstimar

Hovudområde
Kunst og samfunn
Hovudområdet kunst og samfunn handlar om kunst i eit samfunnsmessig perspektiv, nasjonalt og internasjonalt. Det handlar òg om samanhengen mellom sentrale verk i kunsthistorie og religion, estetikk, rådande idear og politikk. Samtidskunst blir utdjupa i lys av historia og notida. Kunst- og kulturkritikk står òg sentralt i hovudområdet, og fagterminologi og tolking av ulike kunstuttrykk er vesentleg.
Design og samfunn
Hovudområdet design og samfunn handlar om design og handverkstradisjon i eit samfunnsmessig perspektiv, nasjonalt og internasjonalt. Korleis tradisjon har påverka nyare formuttrykk, står òg sentralt. Det er lagt vekt på samanhengen mellom formuttrykk på den eine sida og individ, behov, teknologi og masseproduksjon på den andre sida. Tilhøve knytt til estetiske uttrykk, kvalitet og merkevarebygging er ein del av hovudområdet. Hovudområdet tek opp etiske og økologiske tilhøve og formgjeving for ulike brukargrupper.
Arkitektur og samfunn
Hovudområdet arkitektur og samfunn handlar om arkitektur og omgjevnader i eit samfunnsmessig perspektiv, nasjonalt og internasjonalt. Samanheng mellom byggjeskikk, arkitektur og ideologi er vesentleg. Prosessar i byggjesaker og problematikk kring bevaring, omforming og utvikling blir teke opp i hovudområdet. Omsyn til brukarar, miljø, funksjon, etikk og økologi står sentralt.

Kompetansemål
FOR3Z01 Visuell kultur og samfunn
Kunst og samfunn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
analysere og samanlikne nokre sentrale verk frå kunsthistoria og samtida, nasjonalt og internasjonalt
gjere greie for samanhengen mellom kunst, politikk og idéhistorie i ulike epokar
vurdere utstillingar og nettbaserte kunstpresentasjonar
bruke fagterminologi i tolking, vurdering og formidling av kunst
vurdere bruk av bilete, grafikk, foto, film og moderne visuelle medium i eit samfunnsperspektiv
gjere greie for reglar for opphavsrett
gje døme på rolla og vilkåra til kunstnarar i ulike tider og samfunn
Design og samfunn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
analysere og samanlikne nokre sentrale verk frå designhistoria og samtida, nasjonalt og internasjonalt
gjere greie for samanhengen mellom tradisjon, design og nyvinningar knytte til materiale, teknologi og masseproduksjon
gje døme på korleis design blir brukt i merkevarebygging
vurdere særtrekk ved ulike designprogram
vurdere design i høve til etikk, estetikk, funksjon og økologi
Arkitektur og samfunn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
analysere og samanlikne nokre sentrale verk frå arkitekturhistoria og samtida, nasjonalt og internasjonalt
gjere greie for samanheng mellom byggjeskikk, arkitektur og ulike verdiar
vurdere byggjeprosjekt med utgangspunkt i teikningar og modellar
gjere greie for lovgjeving om kulturminnevern i høve til byutvikling, landskapsomforming, industrialisering og krigshandlingar
fremje eigne synspunkt på utvikling av tettstader, byer, vegar og landskap
vurdere brukarmedverknad, funksjon, økologi og etikk i arkitektur og miljøutforming
gjere greie for faktorar som ligg til grunn for utforming av arkitektur og omgjevnader

Vurdering
Føresegner for sluttvurdering:
Standpunktvurdering
Programfag
Ordning
FOR3001 Visuell kultur og samfunn Elevane skal ha standpunktkarakter.
Eksamen for elevar
Programfag
Ordning
FOR3001 Visuell kultur og samfunn Elevane kan trekkjast ut til skriftleg eksamen.
Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Eksamen for privatistar
Programfag
Ordning
FOR3001 Visuell kultur og samfunn Privatistane skal opp til skriftleg eksamen.
Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til Opplæringslova.
Programområde
for formgjevingsfag
Innleiing
Struktur
Timetal
Grunnleggjande ferdigheiter
Design og arkitektur
Samisk visuell kultur
Scenografi og kostyme
Trykk og foto
Visuelle kunstfag
Visuell kultur og samfunn

Studiespesialisering
Idrettsfag
Musikk, dans og drama
Bygg- og anleggsteknikk
Design og håndverk
Elektrofag
Helse- og sosialfag
Medier og kommunikasjon
Naturbruk
Restaurant- og matfag
Service og samferdsel
Teknikk og industriell produksjon