Forskrifter

Planer

Kunnskapsløftet
Innledning
Generell del
Prinsipper for opplæringen
Omtale av vurdering
Fag- og timefordeling
Fagkoder
Grunnskolen
Videregående opplæring
Fellesfag
Studiespesialisering
Musikk, dans og drama
Idrett
Bygg- og anleggsteknikk
Design og håndverk
Elektrofag
Helse- og sosialfag
Medier og kommunikasjon
Naturbruk
Restaurant- og matfag
Service og samferdsel
Teknikk og industriell produksjon
Kunnskapsløftet
Læreplan for grunnskolen og videregående opplæring
Studiespesialiserende utdanningsprogram
Formgivingsfag
Læreplan i VISUELLE KUNSTFAG
Fastsett som forskrift av Utdanningsdirektoratet 24. mars 2006 etter delegasjon i brev 26. september 2005 frå Utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i Lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (Opplæringslova) § 3-4 første ledd.
Gjeld frå: 1. august 2006
Føremål
Struktur
Timetal
Hovudområde
    Teikning og farge
Form og materiale
Kunst og kultur
Kompetansemål
  Visuelle kunstfag 1
Visuelle kunstfag 3
Visuelle kunstfag 3
Vurdering

Føremål
Visuelle kunstuttrykk pregar både private og offentlege samanhengar og formidlar estetiske og menneskelege verdiar i dagens samfunn. Kunst og kultur kommuniserer tankar og verdiar og fortel om status, livssyn, makt og tilhøyrsle. Visuell og kreativ kompetanse både i personleg og profesjonell samanheng blir meir og meir viktig. Det er viktig at den einskilde får høve til å oppleve og reflektere over kunst. Visuelle kunstfag er ein sentral del av den kulturelle kompetansen og kan medverke til utvikling av medvitne samfunnsborgarar som er aktivt med i ei humanistisk utvikling av samfunnet.
Visuelle kunstfag har eit allmenndannande siktemål og skal gje grunnlag for vidare studiar og profesjonsutdanningar. Visuelle kunstfag skal medverke til utvikling av kulturell kompetanse for å forstå estetiske uttrykksformer i eigen og andres kultur. Faget skal òg gjere sitt til at den einskilde utviklar ferdigheiter og kunnskap, og gje grunnlag for oppleving av kunst og kultur og forståing for det som er annleis.
Den skapande verksemda i visuelle kunstfag går føre seg ved hjelp av materiale og verktøy, gjennom eige arbeid og i samhandling med andre. Opplæringa i programfaget skal omfatte både tradisjonelle og nyare teknikkar. Visuelle fag involverer kunstfeltet utanfor skulen og opnar for forståing for kunstfaga slik dei verkar i vår tid.

Struktur
Visuelle kunstfag består av tre programfag: visuelle kunstfag 1, visuelle kunstfag 2 og visuelle kunstfag 3. Visuelle kunstfag 2 byggjer på visuelle kunstfag 1. Visuelle kunstfag 3 byggjer på visuelle kunstfag 2.
Faget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for.
Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.
Oversikt over hovudområda:
Fag
Hovudområde
Visuelle kunstfag 1
Teikning og farge
Form og materiale
Kunst og kultur
Visuelle kunstfag 2
Teikning og farge
Form og materiale
Kunst og kultur
Visuelle kunstfag 3
Teikning og farge
Form og materiale
Kunst og kultur

Timetal
Timetalet er oppgjeve i einingar på 60 minutt:
Visuelle kunstfag 1: 140 årstimar
Visuelle kunstfag 2: 140 årstimar
Visuelle kunstfag 3: 140 årstimar

Hovudområde
Teikning og farge
Hovudområdet teikning og farge omfattar teikning og maling på ulike underlag, og eksperimentering med ulike teknikkar. Studie av fargeverknader er vesentleg i hovudområdet. Studie av natur, menneske og gjenstandar høyrer med. Dekorative og romlege verkemiddel står sentralt. Komposisjon høyrer òg med i hovudområdet som verkemiddel for å skape eit samla biletuttrykk. Materiale, reiskapar og teknikkar som vert nytta i det praktiske arbeidet inngår i hovudområdet. Farge- og lysproblematikk er ein del av innhaldet i hovudområdet.
Form og materiale
Hovudområdet form og materiale omfattar arbeid med to- og tredimensjonal form i ulike materiale og teknikkar og ulike verkemiddel for å oppnå eit tilsikta uttrykk. Komposisjon står sentralt i utforming av skulptur og flate. Proporsjonar og visuelle, romlege og taktile uttrykk høyrer med i dette. Hovudområdet omfattar òg oppbygging og modellering av skulptur. Materiale, reiskapar og teknikkar er ein del av hovudområdet. Farge og tekstur er òg sentralt.
Kunst og kultur
Hovudområdet kunst og kultur handlar om kunst og kultur i ulike epokar, nasjonalt og internasjonalt. Studie av korleis tankar, verdiar og idear hos mennesket til ulike tider har kome til uttrykk, står sentralt. Hovudområdet omtalar kunst og kultur på 1900-talet og i samtida, deretter sentrale retningar og verk innanfor kunst og kultur fram til 1600, og til slutt dreiar det seg om perioden frå 1600- til 1900-talet. Fagterminologi høyrer òg med. Studiar av kunst og kultur er utgangspunkt for eige skapande arbeid og sjølvstendige tolkingar av kunstnarlege uttrykk.

Kompetansemål
FOR2Z01 Visuelle kunstfag 1
Teikning og farge
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
bruke ulike teiknereiskapar, materiale og teknikkar i arbeid med frihandsteikning
bruke ulike maleteknikkar på ulike underlag
bruke proporsjonar i arbeid med portrett, naturformer og gjenstandar
bruke komposisjonsprinsipp for å visualisere inntrykk, idear og bodskapar
bruke farge, valør og perspektiv for å oppnå illusjon av rom
bruke fagterminologi i vurdering av fargekontrastar
bruke ulike reiskapar og teknikkar for å få fram tekstur, rom, lys og skugge
Form og materiale
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
bruke utsnitt, forenkling og positive og negative flater i arbeid med dekor og mønsterkomposisjon
bruke ornament og symbol i eige arbeid
bruke harde, plastiske eller tekstile materiale i eige arbeid
kombinere fargar, former og materiale til eit tilsikta uttrykk
bruke varierte materiale, reiskapar og teknikkar i skapande arbeid
Kunst og kultur
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
presentere verk av sentrale biletkunstnarar i Noreg og andre land frå 1900-talet og fram til i dag
gjere greie for særtrekk ved ulike epokar på 1900-talet og fram til i dag
kjenne att formspråk, symbol og materialbruk i kunst, bilete og formuttrykk frå ulike kulturar i vår tid
gje døme på biletkunst, dekor og symbol knytt til tradisjon, religion og politikk
presentere særtrekk ved kunsten til urfolk og samanhengen mellom samisk kunst og religion og politisk utvikling i samfunnet

FOR2Z02 Visuelle kunstfag 2
Teikning og farge
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
bruke valør, farge og form i frihandsteikning og maling for å få fram ulike uttrykk
bruke ulike teiknereiskapar i arbeid med kroki
bruke anatomi, proporsjonar og fortkortingar i teikning av menneskekroppen
forklare symbolverdien til fargar i ulike samanhengar
komponere eigne uttrykk med utgangspunkt i sentrale komposisjonsprinsipp
planleggje utforming av skulptur og installasjon
bruke fotografi og informasjonsteknologi som utgangspunkt for registrering, idéskisser og biletnotat
Form og materiale
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
bruke sentrale komposisjonsprinsipp og verkemiddel i arbeid med skulptur og installasjon
bruke varierte materiale, reiskapar og teknikkar i arbeid med tredimensjonal form
modellere skulptur i plastisk materiale
stilisere og bearbeide organisk og geometrisk form
organisere form og rom for å oppnå eit tilsikta uttrykk
Kunst og kultur
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
gjere greie for hovudtrekk i vestleg kunst før 1600
gjere greie for særtrekk og analysere verkemiddel i kunstverk før 1600
gjere greie for ulike materiale, fargar og teknikkar som vart nytta i framstillinga av kunst før 1600
analysere kunstuttrykk i lys av religion, filosofi, mytologi og historie
forklare korleis oppdragsgjevarar, laug og akademi har påverka utforminga av bilete og skulptur før 1600

FOR2Z03 Visuelle kunstfag 3
Teikning og farge
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
abstrahere naturformer til eigne komposisjonar
utarbeide idéskisser til utsmykkingsoppdrag
framstille ulike biletuttrykk for illustrasjon
bruke og vurdere lys, fargesamansetjingar og fargeverknader i eige arbeid
velje materiale, reiskapar og teknikkar i todimensjonalt biletarbeid for å oppnå tilsikta verknader
Form og materiale
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
bruke teikning og bygging av modell som utkast til større arbeid
gjere greie for prinsippet om det gylne snitt og bruke det i eige arbeid
kombinere ulike materiale og teknikkar i arbeid med installasjonar og dekorative komposisjonar
skape sjølvstendige uttrykk i ulike materiale med utgangspunkt i aktuelle hendingar lokalt, nasjonalt eller internasjonalt
Kunst og kultur
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
gjere greie for hovudtrekk i vestleg kunst frå 1600 til 1900
beherske fagterminologi i tolking og samanlikning av kunstuttrykk
gjere greie for særtrekk, problemstillingar og verkemiddel i kunsthistoriske retningar, frå realismen og framover
gje døme på korleis kulturelle førebilete har hatt innverknad på skulptur og bilete frå 1600 til 1900
setje kunstverk inn i ein samfunnsmessig og idéhistorisk samanheng

Vurdering
Føresegner for sluttvurdering:
Standpunktvurdering
Programfag
Ordning
FOR2001 Visuelle kunstfag 1 Elevane skal ha standpunktkarakter.
FOR2002 Visuelle kunstfag 3 Elevane skal ha standpunktkarakter.
FOR2003 Visuelle kunstfag 3 Elevane skal ha standpunktkarakter.
Eksamen for elevar
Programfag
Ordning
FOR2001 Visuelle kunstfag 1 Elevane kan trekkjast ut til praktisk eksamen.Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
FOR2002 Visuelle kunstfag 3 Elevane kan trekkjast ut til praktisk eksamen.Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
FOR2003 Visuelle kunstfag 3 Elevane kan trekkjast ut til praktisk eksamen.Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Eksamen for privatistar
Programfag
Ordning
FOR2001 Visuelle kunstfag 1 Privatistane skal opp til praktisk eksamen.Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
FOR2002 Visuelle kunstfag 3 Privatistane skal opp til praktisk eksamen.Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
FOR2003 Visuelle kunstfag 3 Privatistane skal opp til praktisk eksamen.Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Dei generelle føresegnene om vurdering er fastsette i forskrift til Opplæringslova.
Programområde
for formgjevingsfag
Innleiing
Struktur
Timetal
Grunnleggjande ferdigheiter
Design og arkitektur
Samisk visuell kultur
Scenografi og kostyme
Trykk og foto
Visuelle kunstfag
Visuell kultur og samfunn

Studiespesialisering
Idrettsfag
Musikk, dans og drama
Bygg- og anleggsteknikk
Design og håndverk
Elektrofag
Helse- og sosialfag
Medier og kommunikasjon
Naturbruk
Restaurant- og matfag
Service og samferdsel
Teknikk og industriell produksjon